Cato Løland anbefaler:
I denne serien har vi spurt ulike kunstnere i Atelier om å komme med en kunstneranbefaling av et verk og dets tilhørende kunstner. Alle verk og kunstnere som dukker opp i anbefalingene finnes i Atelier.
Kunstner Cato Løland på sitt atelier i Bergen.
Eg ynskjer å trekke fram Bente Bøyesen og hennar måleriserie Terroir. Måleria til Bente framstår som kraftfulle, finstemte og poetiske på same tid. Teksturen i penselstrøka tilfører arbeida materialitet som gjer at dei nærmast beveger seg bort frå å vera måleri og over til ein organisk masse eg umiddelbart har lyst til å ta og lukte på, og gjerne smake! Det organiske formspråket får augene til å vandre kvilelaust rundt i komposisjonene og ei endelaus rekkje med assosiasjonar straumer på. Eg opplev dei som landskap tett på og langt i frå på same tid, dei befinn seg under jordskorpa og langt ut i universet. Eg leitar etter noko kjent i dei oppløyste formene, og finn eg det, mistar eg det med det same, heldigvis. Når eg går inn i disse arbeida forsvinn tid og stad eit augneblink, som for min del er ein kvalitet eg jaktar på i eit godt arbeid. Eg gler meg til å følgje Bente sitt kunstnarskap i framtida.
Terroir #8 (2017) av Bente Bøyesen