Wavy Lines (bok) - Atelie

Size17 × 12 cm
Medium
  • Kunstnerbøker
  • Photography
  • Textile
Year2020
Wavy Lines er tittelen på ein serie lange, tynne tekstilskulpturar som vart til under eit kunstnaropphald i Gjesteatelieret i Vadsø i august 2018. Som ein del av prosessen tok eg med desse lange objekta ut i det arktiske landskapet. Wavy Lines som prosjekt fell inn under større overordna interessefelt: Objektet som fenomen og forholdet dei har til verda rundt seg. Tidslinja for eit objekt er ofte lengre enn for eit menneske, og i denne boka ser vi eit kort utdrag frå objekta sitt liv. Bileta er sett saman på ein måte som viser tid gjennom fargeendringane i lyset frå solnedgangen, og over to sider skapast eit rom som viser landskapet frå fleire perspektiv. 2018-2020 24 sider, engelsk språk 130g papir, inkjet print Opplag 125

Sign up for our newsletter

Get curated art recommendations, updates, and alerts on new releases.

© Atelie 2024